Filmen ”My sister`s keeper” handlar om ein ung jente med Leukemi og familien hennar. Eit viktig spørsmål som står i sentrum for denne historia er: Kor langt er ein som foreldre villige til å gå for å redde livet til eit barn?
Faren Brien og mora Sara står ovafor eit tøft val når dei får vite at deira dotter på to år har fått diagnosen akutt promyleocyttisk leukemi. Dei veljar å få eit barn som matchar heilt med dottera Kate, dei veljar og få eit barn via prøverør. Dette er eit val som få tek, men dette er den einaste måten da ingen av foreldra matchar med Kate. Heller ikkje Broren Jessie matchar Kate.
Sara og Brian får sitt tredje barn, Anna. Anna er på ein måte eit donorbarn. Frå Anna blei fødd begynte legane å hauste ting frå ho: navlestrengblod, kvite blodlekamar, beinmerg, infeksjonar av lymfecotter for å få fleire stamceller. Dette får Anna seinare vite i livet hennar. Ho trudde ho var ein dotter som ein mor og ein far elska. Men ho var planlagt, planlagt av éin hensikt. Ho blei konstruert, ein forskar koplet Saras egg og Brians sæd – for å lage ein perfekt kombinasjon av gena. For å redde hennar dødssjuke systers liv.
Når Anna er 11år, og Kate 15år trengjer Kate ein ny lunge. Rundt dette skjer det mykje i familien. Sara klarar heller ikkje heilt å sleppe tak i det som har skjedd Kate, ho vil at det skal skje noko. Ho vil gjere alt for å redde livet til Kate. Ho har også slutta i jobben, for å vere mest mogleg med Kate. Det einaste som kan hjelpe er at Anna veljar å gje bort ein lunge til Kate, Sara veljar å prøve å tvinge Anna. Men Anna ønska ikkje å bli kutta i meir, ho ønska ikkje å vere forsiktig resten av livet. Ho vil ha eit normalt tenåringsliv. Ho går derfor til Advokat Alexander med nokon papira som beviser at ho har blitt brukt som donorbarn. Dette førar til ein rettssak. Alexander er ein advokat som ofte vinn.
Kate møter i løpet av filmen Taylor som lir av akutt myleom leukemi. Kate og Taylor blir etter kvart kjærastar. Dette er ein flott medisin for Kate. Dei drar på ball saman, og har det hyggeleg. Men etter nokon få dagar, døyr Taylor av sjukdommen. Noko som ikkje er så gøy for Kate. Men Kate går vidare.
På slutten av livet til Kate, ønska Kate å dra ned på stranda. Brian skriv ut Kate frå sjukehuset ein dag og tar med Kate, Anna og Jessie på stranda, imot morens vilje. Moren vil at Kate skal vere på sjukehuset. Men Sara kjem etter kvart ned på stranda, og heile familien er samla og har kvalitetstid. Kate fortel at ho ønska å dø, og veit ho ikkje kjem til å tole meir operasjonar. Derfor er ho nå for at ikkje Anna vil gje bort lunga si.
I lagmannsretten vann Anna og advokat Alexander. Dette fører til at Anna blir medisinsk fristilt. Anna fant ut kvifor Alexander ønsket å hjelpe, han veit nemleg korleis det er og ikkje ha kontroll av kroppen, han har epilepsi.
Anna gav aldri bort lunga, og ein natt døydde Kate i sjukehussenga.
Etter dette blei det forandringar i familien, moren kom ut i arbeid igjen, faren førtidspensjonerte seg og hjelpte plaga sentrumsungdom, og Jessie byrja på skolen igjen og kom inn på kunstakademiet. Han hadde tidlegare i livet slitet med dysleksi.