”Idas dans” er ein sann historie som handlar om Ida som får vete i ung alder at ho har fått blodkreft. Blodkreft er den vanligaste kreftforma blant unge menneske. Det heile starta med at Ida blei veldig forkjølt, forkjølinga blei aldri borte. Da ville mora til Ida at ho skulle dra til legen for å sjekke at forkjølinga berre var ein forkjøling og ikkje kyssesjuke. Men Ida nekta, ho ville ikkje ditt, ho var redd for at det var kyssesjuken som mora trudde. Ida var ein aktiv ballettdansar, og dersom legen kom til å bekrefte at Ida hadde kyssesjuken, ville ballettforstillinga som var veldig snart til å gå rett i dass. Ho måtte trene, dei var jo ikkje halvferdig med øvinga til forstillinga eingong. Men tilslutt drog ho til legen på grunn av alt maset frå mora, sjølv om ho eigentlig ikkje ville. Besøket hos legen blir skremmande uventa, forkjølinga viser seg å vere akutt lymfatisk leukemi.
Etter legebesøket dreg dei heim, begge gråt på vegen heim. Heime forteljar Gunnhild faren og broren til Ida om den tøffe beskjeden dei hadde fått, dei blei heilt sjokka. Etter kvart ringjer Gunnhild til dei utflyttande dotrene deira, dei blir like sjokka. Ingen av dei kunne tenkje seg at sunne litle Ida kunne ha fått ein kreftsjukdom. Etter kvart fikk resten av familien, vennene, kjærasten til Ida vete den forferdelege nyheita, alle støtta Ida.
Månadene går, og Ida tilbringar masse tid på sjukehuset. Ho får cellegift, noko som fører til at Ida mister håret og blir svakare. Den muskuløse dansekroppen hennar blir tynnare og tynnare, og til slutt greier ho ikkje å gå, og ho må ha hjelp til alt. Dette er svært tøft for Ida, også for familien hennar. Sjølv om Ida er mykje på sjukehuset, klarar ho å være med på mykje for det, blant anna russefeiring, fester, feriar og barnedåp. Ida vil vere minst mogleg på sjukehuset, og sia ho ikkje bur så langt unna Rikshospitalet og systera er sjukepleier får ho lov til å vere mykje heime.
Etter å ha gått på den sterke cellegifta ein stund, er det beinmergstransplantasjon som kan vere det siste håpet for å gjere Ida frisk. Men når dei ein dag kjem på sjukehuset, får dei ikkje så gode nyheiter. Beinmergsprøven viste at beinmergen var full av leukemiceller. Det blir ingen beinmergstransplantasjon. Dermed fins det ingen fleire behandlingar som vil gjere Ida frisk. No har Ida bestemd seg, ho ønske ikkje å fortsetje ein kamp mot ein motstand som viser seg vere absolutt uslåeleg. No vil Ida tilbringe resten av den korte tida heime, heime er heile familien samla, dei har festmåltid kvar dag, ler, snakkar og gråtar. Ida og familien utnyttar den siste tida saman, dei veit det ikkje er lenge igjen. Fredag den 13. desember 2002, klokken 04.10 sovnar Ida stille inn, etter 14 månader med kampen om livet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar